Hopp til innhald

Halvor G. Nordbø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Halvor G. Nordbø

StatsborgarskapNoreg
Fødd24. januar 1893
Bø kommune, Midt-Telemark kommune
Død

18. juni 1967 (74 år)
Kristiansand kommune

Yrkehistorikar, lærar
FarGregar Nordbø

Halvor Gregarsson Nordbø (24. januar 189318. juni 1967) var ein norsk skulemann og folkeminnegranskar frå Bø i Telemark. Han var son til Gregar O. Nordbø.

Nordbø tok lærarskuleeksamen i 1914. I åra framover underviste han ved fleire lærarskular og landsgymnas. Med kvart utdanna han seg til cand.philol. i 1925 og tok doktorgraden i 1930 på avhandlinga Ættesogor frå Telemark. Frå 1932 overlærar på Nesna lærarskule til han i 1946 vart lektor ved lærarskulen i Kristiansand.