Halvor J. Sandsdalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Halvor J. Sandsdalen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. januar 1911
Seljord
Død

9. juli 1998 (87 år)

Yrke journalist, agronom, skribent, lyrikar
Politisk parti Arbeidarpartiet
Ektefelle Ingebjørg Kasin Sandsdalen
Born Odd Jan Sandsdalen

Halvor Johannesson Sandsdalen (fødd 12. januar 1911 i Seljord, død 9. juli 1998 i Seljord) var ein norsk forfattar og journalist og folkeminnesamlar.

Han voks opp på eit småbruk, var aktiv i Seljord Frilynde ungdomslag, og skreiv skodespel allereie som syttenåring. Den einaste skulegangen hans var Søve Jordbruksskule på Ulefoss i 1931 og Saga ungdomsskule på Gvarv i 1937. I unge år hadde han mange ulike arbeidsplassar, og vart vitne til og reagerte på korleis arbeidsfolk vart utnytta på store gardar. Han var ein av grunnleggjarane av skog- og landarbeidarforeining i heimbygda Seljord i 1935. I 1938 gifta han seg med forfattarinna Ingebjørg Kasin Sandsdalen.

Eg ser ikkje sekundvisaren
i klokka lenger
men eg veit at han er der
og tek små bit
av livet mitt
små bit som av sau-maur
anten eg vaker
eller søv.

«Eg ser ikkje sekundvisaren» frå Ei skål med måneskin, 1992

I 1945 gav han ut diktsamlinga Det syng i skog og li på eige forlag, men den eigentlege debuten kom i 1946 med Mannen og moldi, som vart utgjeve på Fonna forlag. Sidan kom fleire diktsamlingar frå handa hans, parallelt med barnebøker og skodespel. Eit gjennombrot som diktar fekk han med fyrstepremien i tevlinga om kantate til Skien sitt 600-års jubileum i 1958. I diktninga hentar han ofte inspirasjon frå natur og folkeliv i heimbygda. Dikta er ikkje kompliserte, men tek gjerne utgangspunkt i noko konkret, som til dømes ei forteljing. Jamvel om han har fleire stemningsfulle skildringar kan han nok ikkje karakteriserast som ein romantikar, av di mange av tekstane hans har eit proletært utgangspunkt. Dikta hans inneheld ofte dobbel botn og ironi.

Sandsdalen var utdanna agronom, og dreiv farsgarden frå 1937 til 1952. Samstundes var han i mange år bibliotekar i Seljord og journalist på deltid i Telemark Arbeiderblad. Seinare verka han som redaktør i Telemark Tidende, eit vedlegg til Varden, og frå 1962 hadde han full stilling her. Sandsdalen var elles folkeminnesamlar og i mange år redaktør av Jol i Telemark. Han var også formann i Seljord Arbeiderparti og i mange år sekretær i Telemark Mållag.

Han var far til skodespelaren og forfattaren Odd Jan Sandsdalen.[1]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Dikt

  • Det syng i skog og li, 1945
  • Mannen og moldi, 1946
  • Ved Vallarå, 1951
  • Svarte strender, 1952
  • Lyset frå andre sida, 1956
  • Kantate ved Skien 600 års jubileum, 1958
  • Etter eit menneske, 1960
  • Bogen og fløyta, 1964
  • Drakevind, 1966
  • Relieff, 1968
  • Strofer frå lirekassa, 1976
  • Kom sol på alle mine berg, 1978
  • Ein trekkspelbelg med stjønnur på, 1981
  • Det sprang eit rådyr forbi, 1985
  • Eg fann eit vers på vegen, 1987
  • Ei skål med måneskin, 1992

Skodespel, barnebøker og romanar

  • Gygra i Skorvefjell, barnebok, 1952
  • Du greier deg nok, barnebok, 1953
  • Silketørkledet, skodespel, 1955
  • Anne Gonge, skodespel, 1957
  • Kari Sulto, skodespel, 1958
  • Under eventyrhatt, barnebok, 1964
  • Det store fesjået, barnebok, 1965
  • Ein grøn stein, roman, 1969
  • Det grøne huset, barnebok, 1979

Folkeminne

  • Ormen i Seljordsvatnet, 1976
  • Hundre folkeminne frå Seljord, 1982
  • Trollebotn, 1983
  • Drivarbekkdalen, 1984
  • Langs Svorteåi, 1986
  • Frå Kivlemøyan til Brurebergi, 1989

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. ««Halvor J. Sandsdalen»». Telemarksportalen. Henta 1. april 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]