Halvor Klasson Eika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Halvor Klasson Eika
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. september 1835
Bø kommune
Død

30. mars 1911 (75 år)
Sauherad

Yrke politikar, bonde
Språk norsk

Halvor Klasson Eika (11. september 183530. mars 1911) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Bø i Telemark.

Far hans var gardbrukar i Bø. Sjølv gjekk han ut frå Klyve lærarskule i Solum i 1855, men søkte ikkje lærarpost. Han var frå 1862 gardbrukar på farsgarden Eika, og kjøpte opp fleire landeigedomar. Frå 1861 til 1910 var medlem av heradsstyret i Bø, ordførar i mange år. Elles var han forlikskommissær og sparebankdirektør, med meir.

Eika var frå 1868 til 1879 stortingsmann for Bratsbergs amt. Både i 1868-69 og 1871-73 var han medlem av protokollkomiteen. Åra 1874-77 og 1879 var han medlem av budsjettkomiteen, 1877-79 medlem av Lagtinget. I 1878 møtte han ikkje på Stortinget, grunna sjukdom.

Han døydde på Sætre i Sauherad i 1911..

Kjelder[endre | endre wikiteksten]