Halvor Nordhaug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Halvor Nordhaug

Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. februar 1953 (71 år)
Noreg
Yrke prest
Verv Biskop i Bjørgvin
Periode 2009-
Føregangar Ole D. Hagesæther
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Far Ole Nordhaug
Mor Liv Nordhaug
Halvor Nordhaug på Commons

Halvor Nordhaug (fødd 26. februar 1953) er ein norsk teolog og tidlegare biskop i Bjørgvin bispedøme. Foreldra hans var salmediktaren Liv Nordhaug og tidlegare biskop i Møre bispedøme, Ole Nordhaug .

Halvor Nordhaug vart uteksaminert frå Menighetsfakultetet i Oslo i 1978, og året etter vart han ordinert til prest i Fredrikstad domkyrkje. I 1980 vart han feltprest på Heistadmoen, og frå 1981 til 1986 var han prest for norske studentar i utlandet. Frå 1986 til 1991 var han teologisk konsulent i Mellomkyrkjeleg råd før han vart kapellan i Ås kyrkjelyd frå 1991 til 1995. I 1995 vart han rektor ved det praktisk-teologiske seminaret på Menighetsfakultetet. Nordhaug vart verande i denne stillinga til han vart innsett som biskop i Bjørgvin. Han vart utnemnd til biskop i Bjørgvin 25. november 2008, og vart innsett frå 1. januar 2009.

Frå 1993 til 2009 var Nordhaug redaktør i Luthersk Kirketidende. Han har også tidlegare vore nominert til biskop i andre bispedøme i Den norske kyrkja.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]