Halvor Olstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Halvor Olstad
Fødd3. august 1872
Død1957 (84 år)
Statsborgar avNoreg
Alle verv

Halvor Rolvsson Olstad (3. august 18721957) var ein norsk gardbrukar frå Gjøvdal i Aust-Agder. Han representerte fylket og BondepartietStortinget i åra 1928-33 og var ordførar i Gjøvdal i til saman 25 år.

Olstad var son til ein gardbrukar i dåverande Åmli herad. Vinteren 1889/90 gjekk han amtsskulen i Austre Moland og fleire år seinare, 1897/98, tok han seg ein folkehøgskulevinterElverum. Allereie i 1894 tok han over slektsgarden i Gjøvdal og dreiv denne i lang tid, samstundes som han var revisor i Åmli Sparebank til 1943, ein bank han var med å stifte i 1897.

Olstad var ein engasjert aktør i samfunns- og kulturlivet i heimbygda. Han var mellom skiparane av Åmli Forbruksforening i 1899 og mange år seinare, idrettslaget Dristug, samstundes fekk han i stand badstove for bygdefolket. Olstad var også målmann, fråhaldsmann og aktiv i ungdomslaget. Ofte deltok han på ulike tilskipingar med foredrag, kåseri, prologar og dikt. Dikta hans er i tradisjonell form, med tema som heim og fedreland, natur og folkeliv, kultur- og kristenarv.

Då Gjøvdal vart eigen kommune i 1909, vart Olstad vald til ordførar i heradet. Ordførar var han i tre bolkar, fyrst til 1916, så perioden 1922-25 og til sist frå 1931 til 1945. Stortingsperiodane 1928-31 og 1932-34 var han tingmann for Bondepartiet, den fyrste treårsperioden medlem i Kyrkje- og skulekomiteen, den andre i Universitets- og fagskulekomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]