Halvor Persson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Halvor Persson
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. mars 1966 (58 år)
Idrett skihopping

Halvor Persson (fødd 11. mars 1966) er ein norsk, tidlegare skihoppar som representerte Bærums Skiklubb. Seinare har han vore skileiar, mellom anna i det internasjonale skiforbundet (FIS).

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Han debuterte i verdscupen med 8. plass i normalbakken i Thunder Bay 8. desember 1984. Ein månad seinare oppnådde han si beste plassering i verdscupen med 2. plass i Cortina d'Ampezzo 8. januar 1985. I ei svært jamn tevling kom han 0,2 poeng bak landsmannen Roger Ruud, men 0,7 poeng føre tredjemann. Samanlagd i verdscupen vart han som best nummer 17, i den same sesongen 1984-85. Han var på det norske firemannslaget som i Innsbruck vart nummer 7 av 13 lag i laghoppinga under Ski-VM 1985.

Persson vann NM-sølv i normalbakken i Bardu i 1985, bak suverene Per Bergerud. Fire år seinare kom han på bronseplassen i normalbakken i Vikersund, bak noregsmeisteren Jon Inge Kjørum og Magne Johansen. Under NM 1991 tok han sølvmedalje med Akershus i laghoppinga.

Hans siste verdscuprenn var på Raufoss 17. mars 1990, og han la opp året etter.

Besteplasseringar i internasjonale renn[endre | endre wikiteksten]

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]