Halvor S. Nordbø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Halvor S. Nordbø
Fødd 12. november 1906
Død

26. januar 1981

Halvor Sverre Nordbø (12. november 190626. januar 1981) var ein norsk landbruksmann frå Vrådal i Telemark.

Nordbø gjekk både landbruksskule og småbruksskule i ungdomsåra. Sidan tok han eksamen ved jordbruksavdelinga på Noregs landbrukshøgskule. Åra 1936-39 underviste han på Telemark landbruksskule og Valdres landbruksskule. Deretter var han fylkesagronom i Vestfold og Telemark fram til 1948. Han fekk då stilling som professor i bygningslære på NLH. Nordbø skreiv mykje om driftsbygningar i landbruket og presenterte forsøksmeldingar i i fagtidsskrift.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]