Halvor Torkildsen Aschehoug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Halvor Torkildsen Aschehoug
Fødd 1. september 1786
Rakkestad
Død

10. desember 1829
Idd

Yrke prest, politikar

Halvor Torkildsen Aschehoug (1. september 178610. desember 1829) var ein norsk prest og stortingsrepresentant frå Rakkestad i Østfold.

Aschehoug fekk undervisning i Borgerdydsskolen i København og tok examen artium i 1803. Deretter var han tilsett i rentekammeret i fem år, 1803-08. 1804 tok han førebuande prøve i filosofi. Studerte også juridiske fag. Han braut av jusstudiet i 1809, byrja å studere teologi. I 1813 vart cand. theol. med laud, året etter tok han praktikum med same karakter. Deretter var han to år i København som lærar i fleire offentlege skular.

2. februar 1817 vart Aschehoug konstituert som sokneprest i Ås. I juni 1820 vart han utnemnd til sokneprest i Idd i Østfold, eit embete han hadde til han døydde i Idd i 1829.

Aschehoug var stortingsmann for Smaalenenes amt i 1824, 1827 og 1828. I 1824 var han mellom anna sekretær i redaksjonskomiteen. Han var medlem av komiteen om jordbruk og fedrift både i 1824 og 1827. I 1828 var han medlem av reglementskomiteen.

Han var son av Torkild Halvorsen Aschehoug, sjølv var han far til Torkel H. Aschehoug.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]