Hama guvernement
Utsjånad
| Hama | |||
| حماه | |||
| guvernement | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Mintaqah | 5 | ||
| Hovudstad | Hama | ||
| Areal | 8 883,0 km² | ||
| Folketal | 1 628 000 (31. desember 2011)[1] | ||
| Språk | arabisk | ||
| Tidssone | EET | ||
| ISO 3166-2-kode | SY-HM | ||
![]() Hama guvernement 35°14′N 37°10′E / 35.23°N 37.16°E | |||
| Wikimedia Commons: Hama Governorate | |||
Hama guvernement (arabisk مُحافظة حماه, romanisert Muḥāfaẓat Ḥamā) er eit av fjorten guvernement i Syria. Det ligg vest i det sentrale Syria. Arealet varierer frå kjelde til kjelde, frå 8 844 km²[2] til 8 883 km².[3] I 2011 hadde guvernementet 1 628 000 innbyggjarar. Hovudstaden er Hama.
Arealbruk og jordbruk
[endre | endre wikiteksten]Hama er eit viktig jordbruk- og industrisenter i Syria, med eit areal på 3 680 km², over ein tredjedel av arealet i guvernementet, som er oppdyrka. Guvernementet produserer over halvparten av den nasjonale avlinga av poteter og pistasjenøtter, i tillegg til forskjellige andre grønsaker. Kvegoppdrett er òg vanleg i guvernementet.
Distrikt
[endre | endre wikiteksten]Guvernementet er delt inn i fem distrikt (manatiq):
Desse er vidare delt inn i 22 underdistrikt (nawahi).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hama Governorate» frå Wikipedia på engelsk, den 4. april 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

