Hamarøy kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hamarøy kyrkje
Hamarøy kirke
Hamarøy kyrkje
Foto: Kirkenorge.no
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Sør-Hålogaland
Prosti Ofoten
Sokn Hamarøy
Fellesråd Hamarøy
Stad Hamarøy
Type Arbeidskyrkje
Arkitekt Nils Toft
Material Betong
Innvigd 1974
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 300
Kart
Hamarøy kyrkje
68°5′2″ N 15°38′17″ E
Wikimedia Commons: Hamarøy kirke

Hamarøy kyrkje ligg i Hamarøy kommune og sokn i Ofoten prosti. Det er ei arbeidskyrkje, bygd i 1974 i betong med 300 plassar.

Arkitekt for bygget var Nils Toft. Det er kyrkjegard ved kyrkja.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hamarøy høyrde frå gamalt av til Salten fogderi.

Hamarøy var i 1589 eit residerande kapellani under Steigen prestegjeld. Hamarøy var truleg eit av dei kapellania som vart eigne pastorat eller soknekall som følgje av eit reskript 1. april 1740.

Ved kongeleg resolusjon 28. oktober 1882 vart det bestemt å rive Hamarøy gamle kyrkje og byggje ei ny kyrkje med 700 sitteplassar. Til ny kyrkjetomt og til utviding av kyrkjegarden skulle det fråskiljast rundt 20 ar frå prestegarden.

Ved kongeleg resolusjon 19. september 1885 vart det tillate å flytte Hamarøy gamle kyrkje til garden Karlsøy som eit kapell for Sagfjorden. I Sagfjord kapell skulle dei halde sju gudstenester årleg, og det skulle leggjast gravplass ved kapellet. Ved kongeleg resolusjon 11. januar 1909 vart det årlege gudstenestetalet for Sagfjorden kapell auka til tolv. Grensa mellom Hamarøy og Nordfold sokn er beskriven i kongeleg resolusjon 16. februar 1933. Tømmerneset kapell vart oppført i 1952.[1]

Lofotpresten Hans Egede[endre | endre wikiteksten]

Hans Egede, «Grønlands apostel», kom til presten Niels Schielderup i Hamarøy omkring 1700. Han gav guten innføring i gresk, hebraisk, latin og teologi. Eksamen tok han med framifrå karakterar, og det var kanskje på grunn av denne grundige opplæringa at han vart uteksaminert frå Universitetet i København i 1705 med vitnemål påført vurderinga «stor flid og hurtighed» etter berre eitt og eit halvt års studium.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Nicolaissen O.; 1921: Kirker i Nord- Norge XVII Hamarøy kirke. XVIII Salfjordens kirke.XIX Lyngens kirke. s, 1-23.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]