Hamar Jernstøberi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hamar Jernstøberi og Mekaniske Verksted eller HamJern er eit tidlegare industriforetakHamar som i dag går under namnet Furnes-Hamjern Holding etter å ha vorte delt opp i fleire ulike selskap. Sjølve støyperiet vart grunnlagt den 21. mai 1895 ved Espern mellom jarnbaneområdet og Mjøsa. Det vart raskt kjent for støpejernsprodukt som omnar og komfyrar. Seinare vart det utvikla og produsert handelsstøypegods, jarnbanemateriale og jordbruksreidskap som plogar, horver, høyriver, treskjeverk og hakkemaskiner.

Satsinga på produksjon lokomotiv tok til i 1901, etter at fabrikken hadde levert fleire vellykka malmvogner[1]. Det vart produsert om lag 200 damplokomotiv på HamJern, mellom anna Dovregubben[2]. Seinare vert det òg produsert elektriske lokomotiv ved fabrikken. På 1950-taler vart det òg produsert skiftetraktorar, vegvalsar. Frå 1950- til 1970-talet vart det produserte traktorgravarar.

HamJern var lenge ein av sei største arbeidsplassane i Hedmark og hadde i 1943 over 400 arbeidarar og 75 funksjonærar. Utover 1960-talet og fram mot 1980-talet vart fabrikklokala moderniserte og utvida, samstundes som Munck overtok ein del av verksemda og tok til å produsera skipskraner. I 1984 vart platehandsamingsdelen til Furnes-Hamjern overteken av Ameco.

Lokomotiv produsert[endre | endre wikiteksten]

Dovregubben var produsert ved HamJern.
Foto: Anders Beer Wilse (1935)

Historiske årstal[endre | endre wikiteksten]

  • 1895 – Hamar Jernstøberi vart grunnlagt
  • 1901 – Satsa på å produsere lokomotiv
  • 1968 – Hamjern Maskin vart grunnlagt
  • 1979 – Moelven Jernstøperi vart kjøpt opp og føretaket skifta namn til Furnes-Hamjern
  • 1984 – Oppdeling av industrilokale og omstrukturering av føretaket
  • 1996 – Munck Cranes vart kjøpt opp av Furnes-Hamjern Holding

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]