Hamar domkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 60°47′47.7″N 11°4′5.6″E

Hamar domkyrkje
domkyrkje
none
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hedmark
Kommune Hamar
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Prosti Hamar domprosti
Sokn Hamar
Fellesråd Hamar
Type Langkyrkje
Periode Historisme
Arkitekt Heinrich Ernst Schirmer
Teknikk Mur
Material Teglstein (med puss)
Innvigd 19. desember 1866
 - Endringar Rest. 1920-åra, interiørendringar 1952 –54, rest. 1970-åra og 2006
Tårn Ved inngangen i sør
Kyrkjegard Ved kapellet/krematoriet, ca. 400 m nord
Preikestol Anthon Røvik (for det meiste) etter teikningar av arkitekt Arnstein Arneberg; engel på himlinga laga av Ragnhild Butenschøn
Døypefont 1866
Altartavle Henrik Sørensen, 1954
Sitjeplassar 500
Wikimedia Commons: Hamar domkirke
Interiørbilete frå Hamar domkyrkje
Foto: Kirkenorge.no
Den gamle Hamar domkyrkje frå mellomalderen som ligg på Domkirkeodden i Hamar, vert i dag kalla Domkyrkjeruinane.

Noverande Hamar domkyrkje er ei langkyrkje frå 1866 i sentrum av Hamar, i Hedmark fylke.

Kyrkja vart reist som fylgje av at Hamar fekk bystatus i 1849 og blei gjennoppretta som sjølvstendig bispedømme to år seinare. Dermed vart det vedteke å reise ei ny domkyrkje (i staden for Gamle Hamar domkyrkje). Ho vart oppført av den lokale byggmeisteren Herman Frang etter teikningar av den tyske arkitekten Heinrich Ernst Schirmer. Kyrkja er bispesete i Hamar bispedømme, som omfattar Hedmark og Oppland fylke, og har plass til om lag 500 personar.

Kyrkjebygningen[endre | endre wikiteksten]

Byggverket er i tegl og er utforma som ei beskjeden langkyrkje, utført i ein enkel tysk-romansk stil. Eksteriøret er sparsomt ornamentert, med unntak av den forseggjorde inngangsportalen.

Interiørmessig har domkyrkja ei altartavle som syner ein oppstanden nordisk Kristus, utført av målaren Henrik Sørensen i 1954.[1] Biletet han har måla, syner for øvrig Kristus utan tornekrone eller tydeleg glorie, noko som er relativt uvanleg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den gamle domkyrkja i Hamar vart øydelagt av svenskane under den nordiske sjuårskrigen i 1567. I byggeperioden vart Vang kyrkje nytta som bispekyrkje til Hamar domkyrkje vart innvigd den 15. desember 1866.[2]

På 1920-talet vart det gjort fleire interiørmessige endringar for å gje kyrkjerommet eit rikare og vakrare preg. Dette arbeidet vart utvida på initiativ frå biskop Kristian Schjelderup i åra 1952–1954, då det vart gjennomført ei rekkje omfattande endringar som fjerning av gamalt kyrkjeinventar og total forandring av kyrkjerommet. Biskop Schjelderup ønska å omskape det gamle kyrkjerommet til å likne ein katedral, med større vørdnad og i pakt med si tid.

Døypefonten og to alterlysestakar i sølv er det einaste som er att av det opphavlege inventaret frå før 1952. Kyrkjerommet er i dag prega av Schjelderups teologiske oppfatningar og kan sjåast som ei heilskapleg tolking av hans kristendomsforkynning. Den 9. mai 1954 stod domkyrkja ferdig restaurert etter planar utarbeida av arkitekten Arnstein Arneberg. Arneberg si mest markante endring var det løfta midtpartiet i kyrkjerommet, som var inspirert av basilikaforma.

Arve Hagen har måla takmåleria, som har evangelistane, Den heilage ande og ein musiserande engel som hovudmotiv. På veggen over korbogen har han òg måla den korsfesta Kristus. Alterringen er skoren i tre av Anthon Røvik og pryda med druevrankar og den såkalla «bispeporten», som har relieff med lammet og hjorten. Preikestolen er òg skoren av Røvik etter teikningar av arkitekt Arneberg, og i den eine fyllinga ser vi den heilage Frans av Assisi. Englefiguren på himlingen over preikestolen er skoren av Ragnhild Butenschøn.[3] Det tidlegare altarmåleriet frå 1866, som syner Jesus i Getsemane og er utført av Christen Brun, heng under orgelgalleriet i påvente av restaurering.[4]

I 1970-åra vart dekorasjonane på veggene i koret overmåla. Seinare, i 2006, vart dei avdekka og restaurert.

Anna[endre | endre wikiteksten]

  • Domkyrkja er saman med Storhamar kyrkje soknekyrkje for Hamar kyrkjelyd, som har om lag 15 000 medlemmar. Kyrkja vert ofte nytta til konsertar, bryllaup og enkelte gravferder.
  • Domkyrkja har vore brukt til å vigsle to kvinnelege biskopar: Rosemarie Köhn (20. mai 1993) og Solveig Fiske (17. desember 2006).
  • Kirsten Flagstad heldt sin siste offisielle konsert i domkyrkja og fødebyen Hamar den 21. oktober 1958. Barndomsheimen hennar ligg berre nokre få meter frå hovudinngangen til domkyrkja.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • (1991) Hamar domkirke 125 år – Hamar menighetsråd, Hamar. ISBN 82-992538-0-2.
  • Pedersen, Ragnar (2004) Hamar Domkirke — om kirkerommet som historisk fortelling – Hedmarksmuseet og Domkirkeodden, Hamar. ISBN 82-91326-16-9.
  • Øverland, Olava (1995) Våre altertavler, s. 150-151 – Det Norske Samlaget, Oslo. ISBN 82-521-45000-0.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Arkitekthistorie om Hamar domkyrkje hjå Artemisia.no.
  2. Historie fra Hamar bispedømme.
  3. Ifylgje boka «Hamar domkirke 125 år» (s. 46) har Butenschøn òg gjeve form til figuren av Frans av Assisi.
  4. Informasjon om Hamar domkyrkje hjå Hamar bispedømme