Hamarnesgrotta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hamarnesgrotta er ei karsthole i Rana kommune. Ho er 2,9 km lang og er fossil (tørrlagt). Grotta vart danna då grunnvasspegelen var minst 250 meter høgare enn i dag.

Dateringar av speleothemer syner at danninga av grotta i hovudsak skjedde for minst 550 000 år sidan, og hovudutforminga skjedde truleg for 1-2 millionar år sidan. Hamarnesgrotten vart oppdaga og delvis utforska på siste halvdelen av 1800-talet, noko ein kan sjå på mange innskrifter med årstal. Geologen Gunnar Horn nytta mellom anna Hamarnesgrottene som utgangspunkt for teorien sin om subglasial speleogenese.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lauritzen, Stein Erik. (2009, 14. februar). Hamarnesgrotten. I Store norske leksikon. Henta 17. november 2013 frå http://snl.no/Hamarnesgrotten.