Hamat Gader

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hamat Gader
varmekjelde
Hamat Gader
Land  Israel
Koordinatar 32°41′2.51″N 35°39′55.43″E
Kart
Hamat Gader
32°41′3″ N 35°39′55″ E
Wikimedia Commons: Hamat Gader

Hamat Gader (hebraisk חַמַּת גָּדֵר; arabisk الحمة السورية El-Hamma El-Souriya, som tyder «Den syriske Hamma») er ein stad i Yarmoukdalen nær Genesaretsjøen i Golanhøgdene. Namnet tyder «varmekjeldene i Gadara», og syner til fleire mineralkjelder med temperaturar opp mot 50 °C. Gadara, dagens Umm Qais i Jordan, ligg 4 km unna.

Hamat Gader om kvelden
Ein del av mosaikk frå den gamle Hamat Gader-synagoga, i dag i inngangshallen til Høgsteretten i Israel.
Ein ung nilkrokodille i krokodillefarmen i Hamat Gader.

Hamat Gader ligg nær grensa mellom den israelskokkupert delen av Golanhøgdene og Jordan.

Det gamle namnet på Hamat Gader er bevart i det lokale arabisk namnet på staden (el-Ḥamma, arabisk الحمّـة}}, hebraisk אל חמה), og på haugen nær staden, Tel Bani, ei forvansking av det greske ordet for «bad».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hamat Gader var kjend som feriestad i romartida.

Bygginga av eit badeanlegg byrja på 100-talet av 10. romerske legionen, som var i garnison i byen Gadara. I dag består av anlegg av det romersk-bysantinske anlegg og bygg som vart bygd i den muslimske perioden.[1]

I tillegg vart det bygd eit romersk teater på 200-talet med sete til 2 000. Ei stor synagoge vart bygd på 400-talet.[2] Somme av bygningane vart øydelagd av eit jordskjelv på 600-talet og restaurert av omajadane som styrte frå Damaskus. På 800-talet vart ikkje bada lenger nytta og eit tjukt lag med mudder dekkjer i dag ruinane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hamat Gader Information Site, arkivert frå originalen 12. februar 2006, henta 1. oktober 2014 
  2. Sukenik, EL : 'The ancient synagogue at Hamat Gader' (i Qobes, Jewish Palestine Exploration Society, 1934), s. 41-61

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]