Hamburgar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein hamburgar.
Hamburgartallerken med burgar, pomme frittes og salat (tomat, sylteagurk, mais og dressing)

Hamburgar er eit rundt stykke karbonade servert mellom to stykke brød, typisk to delar av eit rundstykke.[1] I tillegg kan han ha ulike typare sausar og tilbehøyr.

Ein kan bruka reint, finhakka steikt eller grilla kjøt til ein hamburgar. Kjøtet består opphavleg av reint, grovkverna storfekjøt, men kan òg bestå av kylling, kalkun, svin, ei blanding av desse, fisk eller ei vegetarisk kjøterstatting. Dette vert forma til flate kaker som vert steikt på grill eller i panne.

Hamburgarbrødet vert skore i to og snittflata vert rista. Den ferdigsteikte hamburgaren vert lagt på hamburgerbrødet og vert toppa med garnityr. Den øvre delen av hamburgarbrødet kan ein servera ved sida av. Ein serverar ofte ein hamburgar med salat, bacon, tomat, sylteagurk og ulike dressingar. Dei vanlegaste dressingane er sennep, ketchup, variantar av Thousand Island og majones. Hamburgarar vert elles ofte servert med pommes frites. Hamburgar laga med osteskiver vert kalla cheeseburgar.

Ein slider er ein liten hamburgar, vanlegvis ikkje meir enn 7,6 cm i diameter, beståande av to stykke brød med eit stykke steikt eller grilla kjøt mellom. Nokre gonger vert det brukt kylling eller fisk.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet «hamburgar» kjem frå den tyske byen Hamburg, og kan visa til ein person derfrå. I utvida tyding vart ordet etterkvart brukt om andre ting, mellom dei storfekjøtet som stamma frå eller var populært i Hamburg. Opphavleg var kaker av storfekjøt kjende som hamburgarbiff (fyrste gong omtalt i ei amerikansk kokebok i 1891). Når denne farsekaka vart lagd mellom brødskiver vart namnet hamburgarsandwich. På midten av 1900-talet vart begge nemningane forkorta til «hamburgar» eller beintfram «burgar». Ordet har etter kvart vorte eit samleomgrep og vert òg brukt om sandwichar med andre kjøtslag. Det er sannsynleg at ein snackrett lagaav brötchen (brødrull) fylt med kverna kjøt vart teken med til statane av tyske innvandrarar som vart kalla «hamburgarar» etter Hamburger America Line dei segla på.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «hamburgar» i Nynorskordboka.