Bancodalar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hamburger banco)

Bancodaler, eigentleg mark banco og også kjend som Hamburger Banco, var ein internasjonalt utbreidd valuta rekna som ein «ideal» riksdalar. Verdien hans svarte til ein riksdalar in specie med ei finvekt på 25,98 gram.

Bancodalaren hadde grunnlag i sølvfondet til Hamburg Bank. Han blei ikkje gjeven ut som mynt, men brukt i rekningar og kontoar.

På det meste av 1600-talet, heile 1700-tallet og inn på 1800-talet blei han brukt som verdimål i mellom anna Danmark og Noreg. I praksis tilsvara mynteininga dansk-norsk speciedaler.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]