Hammarby

Koordinatar: 60°32′38.807″N 16°34′2.5788″E / 60.54411306°N 16.567383000°E / 60.54411306; 16.567383000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°32′38.807″N 16°34′2.5788″E / 60.54411306°N 16.567383000°E / 60.54411306; 16.567383000

Hammarby sulfittfabrikk, det meste er no revet.

Hammarby er ein tettstad i Sandvikens kommun i Gävleborgs län i landskapet Gästrikland i Sverige. I 2005 hadde tettstaden, som ligg 20 km sørvest for Sandviken, 550 innbyggjarar.

Hammarby er ein gamal bruksstad som heilt frå 1500-talet har hatt industriell verksemd, først med eit jernbruk som var i drift frå 1500-talet til 1885, deretter med ein sulfittfabrikk for framstilling av papirmasse som var i drift til 1982. Året etter starta ein fabrikk som produserte plastbelagt kartong, men denne blei nedlagt i 2005 og dermed var den viktigaste industrielle verksemda i Hammarby over.

Av attraksjonar i Hammarby finn ein arbeiderbustader teikna av Ralph Erskine. Det er rekkehus som har fått ei spesiell utforming. Kyrkja i Hammarby er ein gamal oksestall som i 1885 blei bygd om til skule og gudstjenestelokale.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]