Hammarstrand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 63°6′34.528″N 16°21′3.3048″E

Ragunda gamla kyrka
Hammarforsens kraftverk

Hammarstrand er ein svensk tettstad i Jämtlands län i Jämtland. Det er administrasjonssenter i Ragunda kommun og i 2005 hadde tettstaden 1 061 innbyggjarar. Staden ligg ved Indalsälven, om lag 100 km søraust for Östersund og 130 km nordvest for Sundsvall.

Namnet indikerer at det har vore ei strand på staden, og før 1796 låg Hammarstrand ved breidda av den dåverande Ragundasjön, som i austlege ende hadde det 35 meter høge fossefallet Storforsen, òg kalla Gedungsen. For å gjere det lettare å fløyte tømmer byrja ein å lage ein kanal på sørsida av fossen. Men vårflaumen 6.-7. juni 1796 feide med seg heile kanalen og opna elva for det elveleiet ho hadde før siste istid. På fire timar vart heile den 25 km lange Ragundasjön tømd for tre millionar kubikkmeter vatn. Det gamle elveløpet og Gedungsen blei tørrlagt og blir kalla no Döda fallet. Det er ei av dei største naturkatastrofane i Sverige nokonsinne.

I staden for ein stor sjø med ein foss i austlege ende, fekk ein no eit område som folk etter kvart tok i bruk. Fossen låg no i vestenden og blei kalla Hammarforsen, og var god for kverner og til andre føremål, så folk byrja å busette seg her. Midt på 1800-talet blei det oppdaga ei jernhaldig kjelde der det før hadde vore sjø, og det blei etablert eit badehotell. I 1900 fekk staden posthus, seinare kom andre sentrumsfunksjonar. I 1928 blei ein kraftstasjon etablert. Då Fors, Stugun og Ragsunda kommunar blei slått saman i 1974, blei Hammarstrand valt som administrasjonssenter.

Ragunda gamla kyrka er frå 1400-talet, bygd av ein raud granitt som blir kalla ragundagranitt og låg like ved stranda av Ragundasjön. Midt på 1800-talet blei det bygd ei ny kyrkje nord for den gamle.

Hammarstrand var òg kjend for sin bob- og akebakke. Den første VM-konkurransen blei arrangert i 1967, sidan var det VM der både i 1975 og 1981. EM har blitt arrangert i 1970, 1976, 1978 og 1986. Dei milde vintrane har derimot gjort at banen ikkje har vore i bruk dei seinare åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]