Hammerdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 63°34′57.212″N 15°21′2.3292″E

Strömsunds kommune på kart over Sverige
Hammerdal landkommune sitt våpen

Hammerdal er ein svensk tettstad i Strömsunds kommun i Jämtlands län i landskapet Jämtland. I 2005 hadde tettstaden 996 innbyggjarar. Hammerdal ligg ved E45 cirka 30 kilometer sør for Strömsund. Staden var administrasjonssentrum for Hammerdals kommun frå 1944 til 1973, då han blei ein del av Strömsunds kommune.

Staden er kjend for treindustri og for eit større sementstøyperi. Hammerdal var lenge eit kyrkjeleg sentrum for nordre Jämtland og ein kjenner til at det var kyrkje der på 1300-talet. Noverande kyrkje er frå 1782. Staden var òg eit juridisk sentrum for nordre Jämtland gjennom Hammerdals tingslag, som grensa til Lappland i nord og til Nord-Trøndelag i vest. I 1928 hadde tinglaget 18 007 innbyggjarar på eit areal som var 9220 kvadratkilometer stort.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]