Hammeren kraftstasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hammeren kraftstasjon
Generator (raud) og turbin (grå) i kraftstasjonen, fotografert i 2013
Dei opphavlege røyra i røyrgata frå 1900, slik dei såg ut då dei vart gravne opp i 2014 for å verte erstatta med eit nytt røyr
Skjersjøen med vassinntaket til kraftverket under huset til høgre på fotografiet, der Skjersjødammen ligg. Foto frå perioden 1917-1923.
Skjersjødammen med inntaket for kraftverket, fotografert i 2007

Hammeren kraftstasjon er eit vasskraftverk frå 1900 på Hammeren attmed Skjersjøelva i Maridalen i Oslo, og det eldste i landet som er i dagleg drift. Verket nyttar fallet frå Skjersjøen i Nordmarka ned til Maridalsvannet. Frå Skjersjøen, som er demma opp med ei demning kalla Skjersjødammen, vert vatnet leia ned til kraftstasjonen gjennom ei 2,4 kilometer lang, nedgrave røyrgate. Fallhøgda er på 108 meter. Røyrgata og kraftstasjonen ligg på austsida av elva.

Nedslagsfeltet er på om lag 153,5 kvadratkilometer, tilsiget er på om lag 116 millionar kubikkmeter, og magasinkapasiteten er på 78,3 millionar kubikkmeter. Ettersom Maridalsvannet er hovudvasskjelda for drikkevassforsyninga for Oslo, og vatnet frå Skjersjøen renn ned i Maridalsvannet både i Skjersjøelva og gjennom røyrgata for kraftverket, inngår nedslagsfeltet i drikkevassforsyninga for byen. Det er drikkevassrestriksjonar både for Skjersjøen, Skjersjøelva og Maridalsvatnet. Vatnet som drivt kraftverket vert ikkje ureina på grunn av dette, og er like reint som vatnet elles når det renn ut att i Skjersjøelva og Maridalsvannet.

Soga[endre | endre wikiteksten]

Hammeren kraftstasjon er eit kulturminne med nasjonal verdi. Det var Oslo kommunes fyrste vasskraftverk, og er eit av anlegga i NVEs temaplan Kulturminner i norsk kraftproduksjon frå 2006. Kraftverket vert i dag drive som eit såkalla småkraftverk. På byggjetida vart det rekna med at kraftstasjonen ville dekke alt som Oslo hadde bruk for av elektrisitet i all framtid, men verket produserer ikkje meir energi enn det som 800 husstandar i vår tid treng i eit normalår. Difor har Hammeren kraftverk i dag sitt største verde som eit viktig tekniske kulturminne.

Vatna i Nordmarka vart regulert med dammar allereie på midten av 1600-talet for at vassdraga skulle nyttast til tømmerfløyting og drift av sagbruk. Det var tømmerfløyting i Skjersjøelva, og tilhøva langs elva låg dessutan godt til rette for drift av sagbruk og anna industri knytt til skogen, som til dømes smelteverk og smier som trong trekol framstilt ved trekolbrenning i skogane. På vestsida av elva låg på 1600-talet Kamphaugsaga, og i 1792-1793 bygde Peder Anker ein vassdriven stongjarnhammar på Hammeren ved fossen nedst i elva, der kraftstasjonen vart bygd seinare. Namnet Hammeren på staden skriv seg truleg frå denne stongjarnhammeren.

Før det vart vedteke at Kristiania by skulle nytte vasskraft i produksjonen av elektrisk straum, var det eit kommunalt dampkraftverk (kraftverk drive av dampmaskiner), Dampcentralen i Rosenkrantz' gate nede i byen, som forsynte byen med straum til gatelys og industri. Dette dampkraftverket hadde vore i drift i åtte år før Hammeren kraftverkt vart sett i drift. Men straumen var dyr, og då kraftverket berre leverte likestraum, var det ikkje i stand til å levere kraft utanfor ein radius på 1200 meter frå kraftverket. Dette kraftverket hadde ikkje kapasitet til at Kristiania Sporveier kunne leggje om drifta til til elektriske vogner i staden for å nytte hestar framfor vognene. A/S Kristiania elektriske sporvei, som kom i drift i 1894, nytta straum frå sitt eige dampkraftverk på Majorstua.

Bygginga av Hammern kraftstasjon tok til i 1898, og stasjonen vart sett i drift sommaren 1900. Kraftverket var eit pionertiltak, ettersom ingen av dei som hadde med dette å gjere, hadde vore med på slikt tidlegare. Alt av byggjearbeid måtte gjerast manuelt og med enkle hjelpemiddel. Det var ei stor utfordring å konstruere og byggje røyrgata med dei to parallelle røyra på eit slikt vis at dei stod mot det store vasstrykket som var naudsynt for å drive turbinane. Røyr av stål av ein kvalitet som vart nytta i skipsbygginga, vart kjøpte inn frå Skottland i delar og klinka saman med handemakt i grøfta for røyrgata. Og då kraftverket stod ferdig med seks aggregat etter to års arbeid, fungerte alt etter planen. Mellom anna fekk det nye transportsystemet i byen, trikken, all den elektriske straumen som var naudsynleg for drifta.

Kraftstasjonen vart ombygd i 1927, og dei seks opphavlege aggregata (generatorar og turbinar) erstatta med eit stort aggregat på 5000 kW. I 2014 vart dei to røyrleidningane i røyrgata frå 1900 grave opp og erstatta med eitt nytt GRP-røyr, då det hadde vore fleire brot på dei gamle røyra. Dessutan vart ventilar i det nedre ventilhuset fjerna, og kommunikasjon mellom vassinntaket i Skjersjødammen og kraftstasjonen vart modernisert.

Eigedomstilhøva og drifta av kraftverket[endre | endre wikiteksten]

Kristiania (Oslo) fekk sitt kommunale elektrisitetsverk i 1892. I 1930 vart namnet endra til Oslo Lysverker, som i 1991 fekk namnet Oslo Energi AS. Oslo Energi vart i 1996 delt opp i to selskap, Oslo Energi Nett AS med dotterselskap, og Oslo Energi Holding AS med dotterselskap. Fleire av dotterselskapa vart i perioden mellom 1996 og 2006 selt eller integrert i holdingselskapet ECO energi Holding og ligg under Oslo kommune. Oslo Lysverker er i dag eit dotterselskap under E-CO Energi Holding, som eig Hammeren kraftverk, medan E-CO Energi AS, ved Solbergfoss kraftverk, står for drifta av kraftverket.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]