Hammersborgtunnelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vestre tunnelmunningen frå Pilestredet
Austre tunnelmunningen under Arne Garborgs plass. Hammersborggata opp i ljoset til kryss med Akersgata til høgre
Hammersborggata under brua over Grubbegata og «lokket» over munningen av Hammerborgtunnelen framfor Deichmanske bibliotek, den grøne bygningen til høgre for «lokket». Trefoldighetskirken og ein part av nordre fløya av Y-blokka i Regjeringskvartalet i bakgrunnen, hovudbrannstasjonen i Oslo til venstre i forgrunnen. Fotografi frå 2014.

Hammerborgtunnelen er ein 220 meter lang aust-vestgåande tunnel i to løp i gatesystemet Ring 1 i Oslo, mellom dei delane av Pilestredet i vest og Hammersborggata i aust som høyrer til Ring 1.

Tunnelen vart bygd i open byggjegrop, og vart opna for trafikk i januar 1990. Han går under eit område med fleire kontorblokker, og under Akersgata, og har den austre munningen liggjande under det «lokket» som utgjer Arne Garborgs plass i Regjeringskvartalet framfor Deichmanske bibliotek. Frå det austgåande løpet i tunnelen er det samband til eit stort parkeringshus i fleire høgder under gateplanet.

Tunnelen har namn etter stroket Hammersborg, som ligg nord for den austre tunnelmunningen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]