Hamnefjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 70°34′41.401″N 23°1′38.438″E

Hamnefjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Hammerfest
Kart
Hamnefjorden
70°34′41″ N 23°1′38″ E

Hamnefjorden (samisk Rostavuotna) er ein fjordSørøya i Hammerfest kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 4,5 km nordover til Pederdalen i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Husfjordnes i vest og Fella i aust. Fellaholmen og Lilleholmen ligg like innanfor innløpet. Det ligg spreidde bygg langs med fjorden, men ingen vegsamband eller gardsbruk. Fjorden er 120 meter djup ved munningen på det djupaste.