Hamnvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hamnvik
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms
Kommune Ibestad
Areal 0,7 km²
Folketal 474 (2017)
Folketettleik 677 / km²
Postnummer 9450 HAMNVIK
Preposisjon i Hamnvik
Wikimedia Commons: Hamnvik

Hamnvik er kommunesenteret i Ibestad kommune i Troms. Tettstaden ligg på søraustenden av øya Rolla, ved sundet Bygda, og har 474 innbyggjarar per 1. januar 2017.

I Hamnvik er det servicefunksjonar og administative funksjonar som kommuneadministrasjon, lensmannskontor, lækjar, sjukeheim, kyrkje og prest, barneskule, ungdomsskule, matbutikkar, sportsbutikk, elektrisk forretning, blomebutikk og jarnvarehandel.

Staden har undersjøisk vegsamband til Andørja via Ibestadtunnelenriksveg 848. Frå Hamnvik går riksvegen sørover langs kysten av Rolla til Sørrollnes, der vegen fortset med ferje over fjorden til Harstad. Mellom Nordrollnes og Hamnvik går fylkesveg 131.

Hamnvik handelsstad

Namnet Hamnvik skriv seg frå ei vik litt sørom det som i dag er tettstaden. I denne vika etablerte Jens Bing Dons ein handelsstad på slutten av 1700-talet. Handelsstaden er i dag nedlagd. Han har vore i eiga til familien fram til i dag og er eit godt bevart døme på ein tradisjonell nordnorsk handelsstad.

SSB kallar staden Ibestad i sine tettstadoversikter.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]