Hamre i Bergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hamre
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Postnummer 5243 FANA
5229 KALANDSEIDET
Gardnummer 83 og 84
Wikimedia Commons: Hamre, Bergen

Hamre er ein gard i Fana i Bergen. Garden ligg på vestsida av Kalandsvatnet og er delt i Indre Hamre i nord og Ytre Hamre i sør.

Hamrevegen er kalla opp etter området og går over gardane.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet kjem av det norrøne hamarr som tyder fjellhammar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I mellomalderen høyrte garden til Lyse kloster, og etter reformasjonen til Lyseklostergodset. Garden vart delt før 1522 i Indre og Ytre Hamre. Frå 1875-1876 var det brukarane på gardane som var sjølveigarar.

Ytre Hamre[endre | endre wikiteksten]

Ytre Hamre

Ytre Hamre ligg sør for Indre Hamre, på vestsida av Kalandsvatnet. Garden er langstrekt og strekkjer seg sørover på austsida av Klokkarvatnet, over Hamrenibbane og Hamresåta, over Jordavatnet og sør til Svartevatnet ved kommunegrensa til Os kommune.

Ytre Hamre grensar mot Indre Hamre i nord, Nedre Titlestad i nordvest, Fana prestegård i vest, Nordvik i sørvest, Os kommune i sør, Kismul i søraust og Sæle i aust.

Indre Hamre[endre | endre wikiteksten]

Indre Hamre

Indre Hamre ligg òg på vestsida av Kalandsvatnet og grensar til Ytre Hamre og Sæle i sør, Øvre Sandven i aust, Hatlestad i nord, Smørås i nordvest og Nedre Titlestad i vest.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]