Hamre kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hamre kyrkje
kyrkje
Foto: Odd Roar Aalborg
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Osterøy
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Åsane
Sokn Hamre
Fellesråd Osterøy
Teknikk Lafta
Innvigd Ukjent[1]
 - Endringar 1859, 1867, 1946-1949
Kyrkjegard Ved kyrkja
Kart
Hamre kyrkje
60°32′41″N 5°21′08″E / 60.5448°N 5.3521°E / 60.5448; 5.3521
Wikimedia Commons: Hamre kirke

Hamre kyrkje står på Hamre i Osterøy kommune i Vestland fylke, og er ei lafta langkyrkje med stutte krossarmar. Kyrkja er frå kring 1600, men ho er ikkje sikkert datert. Tidlegare har kyrkja vore datert til perioden 1620–1640, men ei innskrift på den gamle kyrkjedøra fortel at kyrkja er frå 1585. I ei anna, no dels forsvunnen, innskrift over korbogen vert det fortald at kyrkja vart vølt og forbetra i 1649. Det kan peike mot at kyrkja då alt hadde ein viss alder.

Det har vore kyrkje på Hamre sidan mellomalderen, og Hamre kan ha vore den fyrste kyrkjestaden i Nordhordland. I 1024 vart det vedteke på Mostratinget at Hamre skulle vere staden der hovudkyrkja i Nordhordland skulle stå. Ein veit ikkje om det då allereie var ei kyrkje der eller om ho vart bygd etter vedtaket. Det er truleg at den fyrste kyrkja var ei lita stolpekyrkje. Altaret i dagens kyrkje kan ha stått på same plassen heilt sidan den fyrste kristne tida.[2] Denne kyrkja skal ha vorte avløyst av ei større kyrkje i 1170. Ho stod til dagens kyrkje vart bygd. I kyrkja er det teke vare på nokre bygningsdelar som er frå den førre kyrkja. Desse tyder på at det var ei stavkyrkje.

Hamre kyrkje er soknekyrkje i Hamre sokn i Åsane prosti. Fram til utfasinga av prestegjeld frå 2004 tilhøyrde kyrkja Osterøy prestegjeld. Hamre var tidlegare eige prestegjeld og kyrkja var i mellomalderen fjerdingskyrkje for heile Nordhordland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Norges Kirker: «Hamre kirke»». Henta 9. april 2014.  På nettstaden til Norges Kirker/ NIKU og KA
  2. Kristoffer Foldøy: «Om å gøyma bort historia : Steinalterert i Hamre kyrkje» (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 23. mars 2012, henta 1. april 2009 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]