Hamrefjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hamrefjorden er ein fjord i Karlsøy kommune i Troms. Fjorden ligg mellom Helgøy i sørvest og Vanna i aust og strekkjer seg 13 km søraustover.

I nordvest startar fjorden mellom Torsnes i nord og Nordnibba i sør. På Helgøy er det nesten ingen busetnader ved fjorden, berre eit par gardar heilt søraust. På Vanna er derimot heile fjordsida utbygd og av busetnader her finn ein bygdene Vannareid og Hamre, som fjorden er kalla opp etter.

Fv305 går langs fjorden på Vanna.