Hamun-e Jaz Murian

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hamun-e Jaz Murian
هامون جازموریان
innsjø
Hamun-e Jaz Murian.png
Innsjøen i ein våt periode
Land Flag of Iran.svg Iran
Tilsig Bampur, Halil Rud
Areal 3 300 km²
Type saltsjø

Hamun-e Jaz Murian
27°29′27″ N 58°32′46″ E
Wikimedia Commons: Hamun-e Jaz Murian

Hamun-e Jaz Murian (persisk هامون جازموریان) er eit innlandsbasseng eller senking søraust i Iran, som kryssar provinsane Kerman og Sistan og Balutsjistan. I midten av bassenger er ein hamun eller ein tidvis tørrlagt innsjø. Innsjøen kan tørke heilt inn i år med tørke, men kan ha vatn året rundt i våtare år. I juni 2007 fekk området over 125 mm nedbør då syklonen Gonu råka området og enda ein mangeårig tørke i området.

Jaz Murian har ei avlang form frå aust til vest, omgjeve av fjellkjeder som når høgder på 2000 meter over havet. Dei lågaste områda ligg heilt i vest mot byane Kahnuj og Minab.

Det renn to elvar ut i bassenget, Bampur frå aust og Halil Rud frå vest, men ingen av dei fører mykje vatn til dei sentrale områda av bassenget, sidan vatnet stort sett er tørka inn før det når området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Hamun-e Jaz Murian» frå Wikipedia på engelsk, den 4. april 2021.
  • J. V. Harrison, «The Jaz Murian Depression, persisk Balutsjistan,» The Geographical Journal, Vol. 101, No. 5/6 (May - Jun., 1943), pp. 206–225.
  • N. L. Falcon Frs, «From Musandam to the Iranian Makran,» The Geographical Journal, Vol. 141, No. 1 (Mar., 1975), pp. 55–58.

Koordinatar: 27°29′24″N 58°32′46″E