Han er oppstaden dyre ord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Han er oppstaden. Dyre Ord!
No Gud er fullnøgd, Soning gjord,
Og Himmelen er open.
Min Jesus ved sin Daude braut
Dei Piler Dauden mot meg skaut.
Og knasa Myrkheims Vaapen.
Aa Røyst!
Mi Trøyst!
Daa med Siger
Upp han stiger
Helheim rivnar.
Han var daud, men sjaa han livnar!

Elias Blix, 1902

Han er oppstaden, dyre ord er Elias Blix si omsetjing av Birgitte Cathrine Boye sitt høgtidsvers for påskedagen: «Han er opstanden! Store Bud!» Originalteksten vart utgjeven i 1778, og Blix si omsetjing vart utgjeven i 1902. Salmen er kjend på engelsk som «He is arisen! Glorious word», omsett frå dansk av George A. Rygh i 1909.

I Guldbergs salmebok er salmen ordna til å verte sungen før evangeliet vert lese frå preikestolen i gudstenestene frå påske til Kristi himmelfartsdag. Salmen vart teken med i Landstads kirkesalmebog og i femte utgåva av Bix' Nokre Salmar, og seinare både i Landstads reviderte salmebok og Nynorsk salmebok. I Norsk salmebok er han i noko omarbeidd form trykt både på bokmål og nynorsk.

Salmen er ikkje med i salmeboka som vert bruka i den danske folkekyrja no.

Melodien er frå 1599, skriven av Philipp Nicolai.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]