Handa frå grava

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.

Handa frå grava Systema "Perimetr", lit. "Perimeter" System, med GRAU Index 15E601,[1] óg kjend som Perimeter,[2] er eit automatisk kommando- og kontrollsystem for kjernefysiske interkontinentale ballistiske missil.[3][4] Systemet er eit godt døme på MAD mutual assured destruction - avskrekking-konseptet som tyder at alle er sikre på å verta utsletta dersom nokon av atommaktene skulle freista å slå til med eit massivt angrep først. Systemet kan automatisk skyte ut alle russiske interkontinentale ballistiske missil (ICBM) ved å sende ut naudsynte avfyringskoder til missila dersom sensorar oppdagar mange kjernefysiske eksplosjonar på russisk jord.

Radiologiske sensorar frå mange stader i Russland les strålingsnivået og samanliknar dette med normalen. Andre sensorar samanliknar seismikk, lysforhold og lufttrykk. Alle data frå slike sensorar vert overførde til ein sentral med ei datamaskin som kan avgjere om Russland har vore utsett for eit atomangrep eller ikkje utan at personar er til stades i kommandosentra. Dersom svaret er ja, vert rakettar sende opp med utløysingskodar til alle missila som vert styrde mot mål som er programmert inn på førehand. Ein vonar at dette systemet ikkje er aktivt heile tida, men vert aktivert ved farlege kriser. Ein trur likevel at systemet vert halde ved like og er klart til bruk i 2017.[5]

Eit liknande system fanst i USA, og var kalla Emergency Rocket Communications System (ERCS).

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Literally, "Perimeter System"
  2. Valery E. Yarynich (20 September 2004). «C3: Nuclear Command, Control Cooperation». Air & Space Power Journal. http://www.airpower.maxwell.af.mil/airchronicles/bookrev/yarynich.html. Henta 25 May 2015. 
  3. [https://web.archive.org/web/20150201001116/http: //www.numbers-stations.com/buzzer-monolyths-and-nuclear-defence-system «The Origin of Buzzer Monolyths, The Soviet Nuclear Defense System, and The Myth of the Dead Hand»]. The NSRIC. Arkivert frå originalen den 1 February 2015. https://web.archive.org/web/20150201001116/http: //www.numbers-stations.com/buzzer-monolyths-and-nuclear-defence-system. Henta 30 January 2015. 
  4. Bender, Jeremy (5. september 2014), Russia May Still Have An Automated Nuclear Launch System Aimed Across The Northern Hemisphere, Australia: Allure Media, http://www.businessinsider.com.au/russias-dead-hand-system-may-still-be-active-2014-9, henta 21 June 2015 
  5. Thompson, Nicholas (21 September 2009), Inside the Apocalyptic Soviet Doomsday Machine, 17, Wired Magazine, http://archive.wired.com/politics/security/magazine/17-10/mf_deadhand .