Handa i Skottland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Handa
Lokalt namn: Eilean Shannda
Quinag og Scourie ved Sound of Handa]]
Quinag og Scourie ved Sound of Handa]]
Geografi
Handa i Skottland is located in
Handa i Skottland ()
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 58°22′48″ N 5°11′10″ WKoordinatar: 58°22′48″ N 5°11′10″ W
Øygruppe Indre Hebridane

Areal 3,09 km²

Høgaste punkt Sithean Mòr (123 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Argyll and Bute

Demografi
Folketal 0

Handa (skotsk-gælisk Eilean Shannda) er ei øy utanfor vestkysten av Sutherland i Highland i Skottland. Ho er 309 hektar stor og det høgaste punktet er 123 meter over havet.

Ei lita ferje går til Handa frå Tarbet på fastlandet og det går fleire båtturar til øya frå Fanagmore.

Øya består av raud sandstein og er omgjeve av klipper dekte av fuglar.

Ein liten staur på Handa

Nord på øya ligg to åsar, medan sør- og austsida er meir lågtliggande. Nord og vest på øya stig klippene til 100 meter, medan det er strender i sør og aust.

Mindre øyar rundt Handa er mellom anna Glas-Leac i sør, Eilean an Aigeach i nordaust og Stac an t-Sealbhaig i nord. Mellom øya og fastlandet ligg Sound of Handa.

Namnet på øya har norrønt opphav.

Tidlegare vart øya nytt som gravplass og det er framleis restar av eit kapell søraust på øya.

Øya hadde 65 innbyggjarar i 1841, men potetsjuke tvinga folk bort i 1848. Dette er noko overraskande sidan øybuarane hadde ein forholdsvis variert diett som bestod av korn, fisk og sjøfugl, og ikkje var fullstendig avhengige av potetavlingane.

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Handa er kjend for fuglelivet, som lundefugl, alke og teist.

Øya har status som Site of Special Scientific Interest (SSSI, stad av særleg vitskapleg interesse).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]