Handball-EM 1994 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Europameisterskapen i handball 1994 for kvinner, den aller fyrste i sitt slag, vart avvikla i tida 6. til 25. september 1994 i Tyskland. 12 land var kvalifisert og deltok i turneringa.

Danmark vann meisterpokalen etter finalesiger 27 – 23 over arrangørlandet Tyskland. Noreg kom på bronseplassen.

Turneringa[endre | endre wikiteksten]

Meisterskapen vart arrangert med gruppespel à seks lag i to grupper. Deretter var det semifinalar med dei to beste laga i avdelingane, og til sist bronsefinale og finale. Gruppespelkampane fann stad Bonn, Magdeburg, Oldenburg og Waiblingen, finalerunda i Berlin.

Semifinalane[endre | endre wikiteksten]

  • Danmark – Ungarn 29 – 28 eeo
  • Tyskland – Noreg 22 – 18

Bronsefinalen[endre | endre wikiteksten]

Noregs lag tok kommandoen i bronsekampen, der særleg Ingrid Steen og målvakta Cecilie Leganger utmerkte seg. Ved pause leia Noreg 10 – 6, sidan kontrollerte laget kampen inn til siger 24 – 19. Ingrid Steen vart toppskårar med 10 susarar, vidare stod Tonje Sagstuen og Marte Eliasson for kvar sine 3 skåringar, Hege K. Kvitsand, Tonje Larsen og Kari Solem fann vegen til nettmauskane 2 gongar kvar, Susann Goksør og Kristine Moldestad skåra kvar sitt mål, Siri Eftedal og Kristine Duvholt kom ikkje på skåringslista, ei heller målvakta Monica Løken. Kjersti Grini, Mona Dahle og Annette Skotvoll stod over bronsefinalen.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen fann stad i Berlin framom 4 000 tilskodarar. Danmark vann EM-pokalen med 27 mål mot 23, etter å ha leia 14 – 13 ved pause. I det danske mannskapet fann ein, mellom andre, målvaktene Lene Rantala og Susanne Munk Lauritsen, rykkromspelarane Anne Dorthe Tanderup, Anja Andersen, Camilla Andersen, kantspelarane Janne Kolling og Annette Hoffmann, samt linjespelaren Tonje Kjærgaard.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]