Hopp til innhald

Handball-NM 1976/Menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Noregsmeisterskapen i handball 1976 for menn enda med triumf for Refstad Idrettslag gjennom finalesiger 15–11 mot Stavanger Idrettsforening.

Finalen vart avvikla i Hetlandshallen i Stavanger onsdag 15. desember 1976 framfor 1800 tilskodarar. Stavanger IF var i føringa heile fyrste omgangen. Ved pause leia SIF 9-7. I den andre omgangen utlikna Refstad til 9-9 og ti minutt ut i omgangen tok oslolaget leiinga 11-10.

Refstad sine mål kom frå Ulf Magnussen (7), Per Otto Furuseth (3), Harald Tyrdal (2), og eitt frå kvar av Sven Tore Jacobsen, Rune Sterner og Tom Grønlie. Morgan Juul var målvakt.

For Stavanger IF skåra Ragnar Klette og Nils Tvedt 3 mål begge, Harald Petter Haug (2), medan Geir Engelsgjerd, Asbjørn Erevik og Tom Engelsgjerd noterte seg for kvar sin fulltreffar.

Øyvind Bolstad og John Hugo Larsen dømde oppgjeret.