Handball-NM 1977 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Noregsmeisterskapen i handball 1977 for kvinner vart vunne av Idrettslaget Vestar etter finalesiger 17-13 over Skogn Idrettslag. Dermed forsvarte Vestar NM-tittelen.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen vart avvikla i Levangerhallen tysdag 29. november 1977 framfor ca 1200 tilskodarar. Vestar tok kommandoen i kampen frå start og leia 12-4 ved pause. Sjølv om Skogn reduserte på forspranget i den andre omgangen, var sigeren aldri truga for laget frå Oslo. Til sist stod det 17-13 på måltavla.

Målskårarar for Vestar var Karen Fladset med 7 nettkjenningar, Anne Eriksen (4), Grethe Tønnesen (3), medan Tove Guntvedt, Berit Urdal og Cecil Tidemand-Hansen alle skåra ein gong kvar.

Marit Breivik skåra 7 mål for Skogn. Elles teikna Tone Kjønstad og Annepetra Jensen seg for kvar sine 2 mål, Sissel Brenne og Brit Marit Leine skåra begge 1 mål.

Magnar Kristiansen og Olav Rønningen dømde kampen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Trønder-Avisa