Handball-NM 1978/79 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Noregsmeisterskapen i handball 1978/79 for kvinner vart vunne av Skogn Idrettslag etter finalesiger 17 – 12 over Skjeberg Idrettsforening.

Semifinalane[endre | endre wikiteksten]

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen vart avvikla i Levangerhallen onsdag 31. februar 1979 framfor ca 1 000 tilskodarar. Dei to laga låg likt på 6-6, mykje grunna vellukka bruk av «frimerke» på Skogn-strategen Marit Breivik. Ved pause leia Skogn 9-7. I byrjinga av den andre omgangen auka Skogn leiinga til 13-7, og sidan kontrollerte laget fra Levanger kampen inn til siger 17-12.

Skogn sin toppskårar vart Elisabeth Bjørnaas med 6 mål. Britt Marit Leine skåra 4 gongar, Marit Breivik og Gerd Jørstad, begge 2 mål, med Annepetra Jensen, Liv Jorild Henningsen, Randi Eriksen skåra kvar sitt mål. Inger Lise Guldseth stod ein god kamp i mellom målstengene.

For Skjeberg skåra Bjørg Andersen 5 mål, Inger Johanne Tveter 2 mål. Rita Fjærli, Anne Britt Schoug, Wenche Halvorsen, Marianne Aaredalen og Torild Bråthen fann alle vegen til nettmauskane ein gong kvar.

Dommarane straffa Skogn med ei 2-minuttsutvising, Skjeberg fekk inga utvising.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken 79-80. Dreyer Bok Stavanger. 1979.