Handball-NM 1978/79 for menn
Noregsmeisterskapen i handball 1978/79 for menn enda med triumf for Fjellhammer Idrettslag gjennom finalesiger 19–17 etter ekstraomgangar mot Kolbotn Idrettslag.
Finalen
[endre | endre wikiteksten]Finalen vart avvikla i Lørenskoghallen sundag 4. februar 1979 framfor 1373 tilskodarar. Kolbotn førte kampen i den fyrste omgangen og lei 7–6 ved pause. Fire minutt ut i den andre omgangen kom Fjellhammer framom for fyrste gong, og midtvegs i omgangen leia laget frå Lørenskog med tre mål. Kolbotn kom tilbake og fekk balanse, 15–15, før full tid var over. I ekstraomgangane start Kolbotn best, laget leia 17–15 før Fjellhammer skåra fire strake, og med siffera 19–17 sikra seg ein ny kongepokal i handball, drygt året etter den fyrste.
Fjellhammer sine mål kom frå Geir Haugstveit 5, Knut Sveen 4, Geir Woll 3, Sverre Bjerkeli 3, Trygve Widen 2, Asbjørn Hagenes 1, Tore Risberget 1. John Berg var målvakt.
Kolbotn-spelaren Sverre Netting vart toppskårar i kampen med 7 nettkjenningar. Elles skåra Vidar Bauer 4, Runar Bauer og Jan Hauger 2, begge, og Einar Hunsager og Stein Eriksen kvar sitt mål.
Arne Kristiansen og Carl Otto Ingebretsen dømde kampen. Fjellhammer måtte tole 3 tominutts-utvisingar, Kolbotn ei.