Handball-NM 1979/80 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Noregsmeisterskapen i handball 1979/80 for kvinner vart vunne av Skogn Idrettslag etter finalesiger 11-9 over Nordstrand Idrettsforening.

Semifinalane[endre | endre wikiteksten]

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen vart avvikla i Nordstrandshallen i Oslo 23. mars 1980 framfor ca 1 500 tilskodarar. Skogn leia 5-3 ved pause. I den andre omgangen makta Nordstrand å utlikne til 9-9, før laget frå Levanger avgjorde med kampens to siste mål og det stod 11-9 på måltavla.

Marit Breivik Løkeberg vart toppskårar for Skogn med sine 5 nettkjenningar. Sissel Brenne Buchholdt skåra 3 mål, medan Inger Sundal, Randi Eriksen, Gerd Bjørnaas skåra kvar sitt mål.

Nordstrand sine målskårarar var Anita Taring (3), Heidi Sundal og Kari Brekke, begge 2 mål, Nina Andersen og Eva Aasgaard kvar sitt mål.

Roar Forbord og Reidar Isachsen dømde kampen. Den einaste tominutts-utvisinga måtte Nordstrand tåle.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]