Handball-NM 1980 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Noregsmeisterskapen i handball 1980 for kvinner vart vunne av Skogn Idrettslag etter finalesiger 15-12 over Byåsen Idrettslag.

Semifinalane[endre | endre wikiteksten]

  • Lisleby IL – Skogn IL 13 – 15
  • Byåsen IL – Skjeberg IL 13 – 12 etter ekstraomgangar

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen vart avvikla i Levangerhallen 21. desember 1980 framfor ca 1 400 tilskodarar. Skogn leia 9-7 ved pause, i den andre omgangen auka laget frå Levanger til sluttsiffera 15-12.

Marit Breivik Løkeberg vart toppskårar for Skogn med sine 6 nettsusarar, to av dei på straffekast. Britt Marit Leine skåra 3 mål og Annepetra Jensen, Randi Eriksen, Gerd Bjørnaas, alle saman 2 mål.

Byåsen sine målskårarar var Ann Elin Angvik (4), Anne-Karin Snorroeggen (3), Lise Ulseth, Grete Refsnes, begge (2) og Trine Haltvik (1).

Svein Ekra (Kolbotn) og Tore Schjerven (Jaren) dømde kampen.