Handball-NM 1983 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Noregsmeisterskapen i handball 1983 for kvinner vart vunne av tittelforsvarar Sverresborg Idrettsforening gjennom finalesiger 16-15 mot byrivalen Sportsklubben Freidig.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen vart avvikla i Nidarøhallen i Trondheim 28. desember 1983 framfor 1 383 tilskodarar. Sverresborg leia 6-4 ved pause. Gjennom den andre omgangen jamna stillinga seg ut. Få sekundar før ordinær tid var ute utlikna Freidig til 13-13. I ekstraomgangane skåra Sverresborg 3 mål mot Freidigs 2. Dermed sikra Sverresborg IF seg sin andre NM-pokal gjennom sluttsiffera 16-15.

Sverresborg sin toppskårar Åse Nygård fann nettmauskane 5 gongar. Vidare skåra Ragnhild Fausa 3 mål, Anne Berg Larssen og Mona Lillberg 2 mål kvar, medan Britt Johansen, Karin Singstad, Ingrid Steen og Tove Westby alle noterte seg for 1 mål. Målvakta Inger Lise Guldseth vart «[k]ampens store helt».

Toppskårar i finalen vart Freidigs Berit Hansen med heile 9 skåringar. Resten av Freidig-måla kom frå Sissel Brenne Buchholdt (2), Lille Bente Mæhla (2) og Kjesti Overvik og Gro Balstad, begge 1.

Dommarparet Knut Oustorp og Ivar Hvidsten «tillot altfor mye holding». Dei straffa Freidig med fire tominutts-utvisingar og Sverresborg med ei.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]