Handball-NM 1984/Menn
Noregsmeisterskapen i handball 1984 for menn vart avslutta med at Fredensborg/Ski vann med 20 mål mot Skiens Ballklubb sine 19 skåringar. Det var siste gongen laget frå Oslo/Ski i Akershus triumferte i ei handballturnering, det vere noregsmeisterskap eller 1. divisjon.
Finalen
[endre | endre wikiteksten]Finalen vart avvikla i Skienshallen torsdag 27. desember 1984 med 3 469 tilskodarar på tribunane. Etter ein jamn fyrste omgang leia Fredensborg/Ski 11–10 ved pause. Heimelaget tok føringa med 13–12 og var seinare i andre omgang oppe i ei tremålsleiing. Fredensborg/Ski kom tilbake og leia 19–18 fem minutt før full tid. Skiens-laget utlikna, men lukkast ikkje utnytte overtal i spelarar til å gå opp i føring. Åtte sekund før slutt avgjorde islendingen Gunnar Einarsson, den einaste utlendingen på bana, finalen med Fredensborg/Ski sitt mål nummer 20.
Fredensborg/Ski sine mål kom frå Oddvar Jacobsen 6, Tor Edvin Helland 5, Gunnar Einarsson 4, Lars Tore Ronglan 4, Espen Johansen 1. Stein Tyrdal var målvakt.
For Skien BK skåra Gunnar Pettersen 5 mål, Egil Opperud 4, Terje Andersen 3, Tor Haukedal 3, Helge Busk 3, Jan Rundhovde 1.
Dommarane Nils Hallan og Bjørn Erik Børresen straffa Fredensborg/Ski med 7 tominutts-utvisingar og Skien BK med 3.