Hopp til innhald

Handball-NM 1985/Menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Noregsmeisterskapen i handball 1985 for menn enda med triumf for Stavanger Idrettsforening etter finalesiger 19–13 over Sportsklubben Rapp.

Finalen vart avvikla i Idrettshallen i Stavanger laurdag 14. desember 1985 framfor 5 300 tilskodarar. Stavanger IF tok tidleg føringa. Ved pause leia laget 10–6. I den andre omgangen auka leiinga og til slutt sigra stavangerlaget over trondheimslaget med seks mål: 19–13.

Stavanger IF sine mål kom frå Arild Akerø og Ketil Sævereide, begge 5, Hans Inge Skadberg (4), Jacop Jønsson (3), og Gunnar Helgevold og Mikael Hald, begge 1 skåring. Espen Karlsen var målvakt.

Odd Larsen vart toppskårar for Rapp med sine 5 fulltreffarar.

Dommarane Terje Anthonsen og Øyvind Bolstad straffa Rapp med fem tominutts-utvingar og SIF med fire.