Handball-NM 1987 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Noregsmeisterskapen i handball 1987 for kvinner vart vunne av Nordstrand Idrettsforening gjennom finalesiger 28-16 over Byåsen Idrettslag frå Trondheim.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen vart avvikla i Ekeberghallen i Oslo laurdag 19. desember 1987 framfor 3 100 tilskodarar. Heimelaget Nordstrand gjekk opp i tomålsleiing på 7-5, auka til 10-6 og ved pause stod det 13-8. Gjennom den andre omgangen auka forspranget i målprotokollen jamt og trutt, til sist stod det 28-16 i favør Nordstrand.

For Nordstrand IF skåra kapteinen Heidi Sundal 12 mål, av dei 3 på straffekast. Dei øvrige måla fordelte seg på Anita Taring, Jorunn Dobloug, begge 4, Helen Brekke 3, Tone Notto og Tone Süssly, begge 2, og Ingunn Strøm 1. Mai Lund stod i mål.

Mål for Byåsen IL laga Marit Lægdheim (4), Karin Pettersen (4), Trine Haltvik (3), Gry Haltvik (3) og Mia Hermansson (2).

Svein Olav Øie og Odd Solli dømde kampen. Dei straffa Byåsen med 2 tominutts-utvisingar og Nordstrand med 3.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]