Handball-NM 1989 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Noregsmeisterskapen i handball 1989 for kvinner vart vunne av Byåsen Idrettslag etter finalesiger 20 - 15 over Lunner Idrettslag.

Semifinalane[endre | endre wikiteksten]

  • Vestar – Byåsen IL 17 - 19
  • Sjetne IL – Lunner IL 17 - 22

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen vart avvikla i Skedsmohallen 16. desember 1989 framfor 3 388 tilskodarar. Byåsen IL avgjorde kampen i løpet av den fyrste omgangen, ved pause leia laget frå Trondheim med 9-4. I den andre omgangen heldt Byåsen på avstanden og då oppgjeret var over hadde tittelforsvarar Byåsen IL vunne sin andre NM-pokal.

Byåsen sine målskårarar var Mia Hermansson (8), Kari Knudsen (6), Hilde Overvik (3), Karin Pettersen (2), Marit Johnsen (1). Lagkaptein Trine Haltvik kom ikkje på skåringslista.

For Lunner skåra Heidi Tingelstad (5), Kjersti Grini (4), Kari Schjerven og Marit Lindstad, begge (2), Ane Hallum og Tone Langbakken, begge (1).

Kenneth Abrahamsen og Arne Kristiansen dømde kampen. Dei straffa Byåsen med sju 2-minuttsutvisingar og to raude kort, Lunner måtte tåle to 2-minuttsutvisingar og eitt raudt kort.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]