Handball-NM 1990/Menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Noregsmeisterskapen i handball 1990 for menn vart vunne av Sandefjord Turn- & Idrettsforening gjennom finalesiger 24 – 18 over byrivalen IL Runar.

Semifinalane[endre | endre wikiteksten]

  • Tindlund – IL Runar 21 – 30
  • Sandefjord TIF – Stavanger IF 21 – 19

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen vart avvikla i Drammenshallen sundag 4. desember 1990 framfor 4 500 tilskodarar. I den fyrste omgangen gjekk Sandefjord i leiinga 5-2 før Runar reduserte til 7-8. Deretter skåra Sandefjord fem mål utan Runar makta kvittere. Frå 13-8 auka Sandefjord til 16-10 ved pause. I byrjinga av den andre omgangen la Sandefjord på til 21-12, for så å kontrollere kampen inn til ein seksmålssiger.

Gunnar Fosseng var målvakt for vinnarlaget. Flest Sandefjord-mål skåra Sergej Demidov med 9, vidare stod Ole Gustav Gjekstad for 6 mål og Morten Schønfeldt 5, medan Karl Erik Bøhn og Oddvar Jakobsen begge noterte seg for 2 mål.

Runar sine mål kom frå Pål Myrdam (8), Ketil Aase (5), Bjørn Vidar Eriksen (3), Bård Tonning (1) og Pål Vidar Lundquist (1).

Dommarane Yngve Walstad og Per Erik Sjong straffa Sandefjord med to 2-minuttsutvisingar og Runar med ei.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]