Handball-NM 1991/Menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Noregsmeisterskapen i handball 1991 for menn vart vunnen av Stavanger Idrettsforening. gjennom finalesiger 21 – 20 over Idrettslaget Runar frå Sandefjord.

Semifinalane[endre | endre wikiteksten]

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen vart avvikla i Stavanger idrettshall sundag 29. desember 1991 framfor 2 813 tilskodarar. Etter ein jamn fyrste omgang stod det likt på måltavla, 10-10. I den andre omgangen tok Stavanger føringa og var oppe i ei firemålsleiing. Heilt på tampen av kampen reduserte Runar skilnaden, men Stavanger-laget kunne til slutt juble over kongepokal, seks år etter den forrige NM-triumfen.

Flest mål for Stavanger skåra Per Kristian Michaelsen med 5, Olav Henning Vatne skåra 4 og Tom Tvedt 3 gongar. Øystein Stray, Robert Hedin, Ole Oftedal og Kenneth Ellertsen noterte alle seg for 2 mål, Rune Marki skåra ein gong. Espen Karlsen stod ein framifrå kamp i mål.

Runar-måla kom frå Kjetil Lundberg (5), Pål Vidar Lundquist (4), Einar Veierød (4), Bård Tonning (3), Bjørn Vidar Eriksen, Are Ruud, Per Arne Lislien, Vidar Hammer (1, alle).

Dommarane, Svein Olav Øie frå SK Rapp og Bjørn Høgsnes frå Steinkjer, straffa begge mannskapa med fire tominutts-utvisingar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]