Handball-NM 1992/Menn
Noregsmeisterskapen i handball 1992 for menn vart vunne av Idrettslaget Runar gjennom finalesiger 26 – 16 over Viking Håndballklubb frå Stavanger.
Semifinalane
[endre | endre wikiteksten]- IL Runar – Urædd 31 – 16
- Viking HK – Sandefjord TIF 24 – 22
Finalen
[endre | endre wikiteksten]Finalen vart avvikla i Oslo Spektrum laurdag 5. desember 1992 framfor 2 512 tilskodarar. Runar tok omgåande føringa og leia tidleg 4-1, for å auke til 14-7 ved pause. I den andre omgangen heldt overkøyringa fram og Runar sikra seg kongepokalen med ti måls margin.
Runar-måla kom frå Kjetil Lundberg (5), Sjur Tollefsen (5), Pål Vidar Lundquist (4), Roger Kjendalen (4), Bård Tonning (4), Einar Veierød (2), Kristian Hansen (1) og Ronny Jacobsen (1). Svenske Mats Fransson var målvakt.
Vikings Gregorij Neretin vart toppskårar i finalen med 6 nettkjenningar. Arve Betten skåra 5 mål og Erlend Sødal 2. Hine Viking-måla stod Kjetil Eilertsen, Jakob Jønsson og Jostein Jøsund for.
Begge laga vart dømde til to 2-minuttsutvisingar av Terje Anthonsen og Yngve Walstad.