Handball-NM 1992/Kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Noregsmeisterskapen i handball 1992 for kvinner vart vunne av Gjerpen Idrettsforening gjennom finalesiger 24 – 19 over Toten Håndballklubb frå Lena i Østre Toten.

Semifinalane[endre | endre wikiteksten]

  • Toten HK – Sjetne IL 15 – 14
  • Bækkelaget SK – Gjerpen IF 29 – 30 eeo

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen vart avvikla i Oslo Spektrum laurdag 5. desember 1992 framfor 5 010 tilskodarar. Toten kom best i gang og leia på eit tidspunkt 6 – 2, før Gjerpen snudde kampen og ved pause leia 12 – 10. I den andre omgangen drog laget frå Skien ifrå og kunne kontrollere inn til ein klar femmålssiger 24 – 19.

Gjerpen IF sine mål kom frå Siri Eftedal (8), Hanne Hegh (5), Tone Anne Alvestad og Anne Brit Skarstein (3, begge), Linda Oldrup Jensen og Gro Knutsen (2, begge) og Mirella Mierzejewska (1).

Toten HK sine målskårarar var Tonje Sagstuen med 6 nettkjenningar, Else Karin Bekkelund (5), Kjersti Grini (4), Siri Hanne Heggen (2), Julie H. Løkkebakken og Tone Skjelstad med 1 mål kvar.

Begge laga vart tildelt 4 tominutts-utvisingar av dommarane Svein Olav Øie frå Rapp og Bjørn Høgsnes frå Steinkjer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]