Handball-NM 1993/Kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Noregsmeisterskapen i handball 1993 for kvinner vart vunne av Gjerpen Idrettsforening gjennom finalesiger 20 – 14 over Larvik Håndballklubb.

Semifinalane[endre | endre wikiteksten]

  • Gjerpen IF – Toten HK 30 – 17
  • Larvik HK – Bækkelaget SK 25 – 22

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen vart avvikla i Oslo Spektrum torsdag 30. desember 1993 framfor 3 159 tilskodarar. Etter ein svak fyrste omgang stod laga likt, 6-6. Gjerpen førte kampen i andre omgang, men det var fyrst siste fem minutta at Skiens-laget drog ifrå og vann ein klar seksmålssiger 20 – 14. Gjerpen-målvakta Monica Løken var den avgjerande spelaren i kampen.

Gjerpen IF sine mål kom frå Siri Eftedal (7), Cathrine Volden (4), Mirella Mierzejewska og Hilde Røneid, (3, begge), Cecilie Thorsteinsen (2) og Siv Eriksen (1).

Larvik HK sine målskårarar var Vibeke Nesse, Lina Olsson (4, begge), Monica Vik Hansen (3), Kristine Duvholt (2) og Cathrine Haakestad (1).

Gjerpen vart tildelt 4 og Larvik 2 tominutts-utvisingar av dommarane John Olav Antonsen og Øyvind Togstad, begge frå Orkanger.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]