Handball-NM 1995/96 for menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Noregsmeisterskapen i handball 1995/96 for menn vart vunne av Idrettslaget Runar gjennom finalesiger 29 – 22 over Viking Håndballklubb frå Stavanger.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen vart avvikla i Oslo Spektrum laurdag 23. februar 1996 framfor 4 349 tilskodarar. Runar tok omgåande føringa og leia 14 – 9 ved pause. I den andre omgangen var sigeren aldri truga og Runar sikra lagets andre kongepokal i handball med sju måls margin.

Kantspelaren Sjur Tollefsen vart toppskårar for Runar med sine 9 nettkjenningar. Kristian Hansen skåra 6 gongar, Tormod Moldestad og Jarl Trollerud noterte seg for 4 mål kvar, medan Ole Kristian Strøm, Bård Tonning og Geir Erlandsen stod for høvesvis 3, 2 og 1 Runar-mål. Målvakta Mats Fransson stod ein god kamp.

Viking-måla kom frå Tor Bjørn Andersen (5), Erlend Sødal (3), Jan Thomas Lauritzen (3), Stig Penne (3), Rune Erland (2), Christian Berge (2) og Rune Haugseng, Asle Gran, Cord Manhenke, Øystein Stray (1, alle). Steinar Ege var målvakt.

Dommarane Bjørn Høgsnes og Svein Olav Øie straffa Runar med fem 2-minuttsutvisingar og Viking med ei.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]