Hopp til innhald

Handball-NM 1997/98 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Noregsmeisterskapen i handball 1997/98 for kvinner vart vunne av Larvik Håndballklubb gjennom finalesiger 24 – 19 over Byåsen Idrettslag.

Semifinalane[endre | endre wikiteksten]

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen vart avvikla i Oslo Spektrum laurdag 7. februar 1998 framfor 5 402 tilskodarar. Etter fyrste omgang leia Larvik 6-5. I den andre omgangen snudde Byåsen til leiing 12-9, før kampen vart avgjort med Larvik-mål utan Byåsen makta kvittere før Trondheims-laget reduserte til 13-14, noko som vart sluttresultatet.

Larvik HK suverene einar i finalen var Tonje Larsen, ho skåra alle Larvik-måla i fyrste omgang og stoppa ikkje før ho stod med 10 nettkjenningar. Elles skåra Monica Vik Hansen 2 gongar medan Annette Tveter og Heidi Flaatnes skåra kvar sitt mål. Målvakta Lene Rantala stod ein god kamp. Birgitte Sættem og lagkaptein Kristine Moldestad markerte seg i forsvarsspelet.

Byåsen IL sin sentrale spelar var Trine Haltvik med 9 skåringar. Elles noterte Suzana Zulijani, Kari Knudsen, Maren Villabø og Camilla Solberg seg for ei skåring kvar. Også målvakt Annette Skotvoll, Mia Hermansson Högdahl og Ann Cathrin Eriksen var med i Byåsen-laget.

Begge mannskapa pådrog seg 5 tominutts-utvisingar. Rune Forbord frå SK Rapp og Ole Jørstad frå Levanger HK dømde kampen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Østlandsposten 9. februar 1998