Handball-NM 1997/98 for menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Noregsmeisterskapen i handball 1997/98 for menn vart vunnen av Idrettslaget Runar gjennom finalesiger 18 – 17 over byrivalen Sandefjord Turn- & Idrettsforening. Kongepokalen var Runars tredje på få år.

Semifinalane[endre | endre wikiteksten]

  • Stavanger IF – IL Runar (27-15 og 17-25) = 44 – 50
  • Sandefjord TIF – Drammen HK (28-24 og 30-16) = 58 – 40

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen vart avvikla i Oslo Spektrum laurdag 7. februar 1998 framfor 4 080 tilskodarar. Sandefjord TIF leia 8 – 7 ved pause. I den andre omgangen auka laget leiinga til fire mål, før Runar snudde eit målfattig oppgjer til eittmålstriumf.

Runar sine mål kom frå Kristian Hansen (4), Dejan Petkovic og Lasse Lie (3, begge), medan Tormod Moldestad, Ole Kristian Strøm, Bård Tonning og Geir Erlandsen alle fire skåra kvar sine 2 gongar. Jan Stankiewicz stod i mål for vinnarlaget.

Sandefjords Preben Vildalen vart toppskårar i finalen med 5 nettkjenningar. Elles skåra Øystein Havang 4 gongar, og Johnny Jensen så vel som Atle Larsen kvar sine 3 mål. Pål Cramer og Eivind Wingsternæs noterte seg for ei skåring kvar. Eivind Ellingsen og Thomas Pettersen kom ikkje på skåringslista. Gunnar Fosseng var målvakt.

Dommarane Kenneth Abrahamsen og Arne M. Kristiansen straffa Runar med tre 2-minuttsutvisingar og Sandefjord med to.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Østlandsposten 9. februar 1998